Uansett om du er fersk eller erfaren, vil ein personleg trenar kunne hjelpe deg til ei betre og meir motiverande trening. Du vil få hjelp til alt frå planlegging av treninga til sjølve gjennomføringa.
Innleiingsvis gjer din personlege trenar ei behovsanalyse for å finne ut av din treningsbakgrunn, eventuelle skadar og sjukdomar, og ditt mål med treninga. Ut ifrå dette utformar han/ho eit personleg treningsprogram med tydelege målsetjingar. Din PT har og kontroll på din framgang, ved å teste deg regelmessig, og evt. ta målingar av deg.
Så godt som alle med personleg trenar oppnår sine mål raskare enn dei som trenar på eiga hand. Avtalen du har med personleg trenar gjer og at du får gjennomført treninga di sjølv dei dagane der motivasjonen er lav
PT- kundar er alt frå unge mennesker som treng hjelp til å oppnå fysiske prestasjonsmål ved til dømes Politihøgskule til middelaldrande menn som har fått råd frå legen sin om å trene. Ei typisk kundegruppe er småbarnsmødre. Dermed er Personleg trenar ein ting som alle kan dra nytte av.