Eg heiter Camilla Søvig, er 28 år og er utdanna idrettspedagog. Eg kjem i  frå Hellevik i Fjaler.

Bakgrunn/utdanning

Eg har jobba som personleg trenar sidan eg tok utdanninga mi i Sogndal for fire år sia. Der gjekk eg først eit år på folkehøgskule,  idrettslinje, før eg vidare fullførte bachelorgrad i idrett i tre år på idrettshøgskulen.

Arbeidserfaring

Etter utdanninga mi flytta eg heimover, og jobba som gymlærar og treningskontakt i Dale. Eit år etter flytta eg til førde og starta å jobbe på Spent Førde AS 100%.

Eg har jobba på Spenst i fire år og trivst kjempegodt. Det har vert ein variert jobb, der eg har hatt ansvar for studio med både treningsrettleiing og personlig trening. Eg har vore instruktør både i sal og på spinning, jobba i resepsjonen med kundemottak, salg osv.

Eg trur tida er inne for personleg trening i Førde!